Sv: Tilos i juli :)
Eg har berre opplevd Tilos rundt månadsskiftet mai/juni, men det har aldri vore særleg mykje vind på Tilos. På veg frå Rodos til Tilos har det derimot vore bølgjer nok.
Som bar-eigaren på Rodos sa det medan han peikte ut over havet, då me tok ein øl under ventetida før Sea Star skulle gå, den første gongen me drog til Tilos: «Tilos today?! A-ha-ha-ha! Bompa! Bompa!»
Det var skikkeleg bompa-bompa. Eg og min fru var dei einaste som sat i framste delen av Sea Star – og vart vogga (rista) i søvn og sov mesteparten av turen!
|